Veterinære tenester
Me behandlar både store
og små dyr.
Kontor- og telefontid kvar dag frå kl. 8-10.
Utanom dette er me oftast
på reise rundt til sjuke dyr i Audnedal og Hægebostad.
Måndag har
me fast smådyrkveld på kontoret i Eiken. Alle
konsultasjonar bør avtalast på førehand.
Me er særs opptekne av å følgje med i den
veterinærfaglege utviklinga.
Difor deltek me på kurs fleire gongar i året. Dette
er viktig både for
at me skal kunne gi dyret ditt best mogleg behandling, men
òg for å
raskt vite til kven det er best å henvise pasientar som treng
meir
vidare undersøkingar.
Lista over kva me fyller dagane med er lang. Her er nokre få av
mange punkt
Klinikkpraksis
og heimebesøk, akutt- og rutineoppdrag
Vaksineringar, helsekontroll, id-merking,
prøvetaking og
attestering
Operasjonar
(nokre døme: Smådyr: m.a. mykje innan blautvevskirurgi som
kastreringar/steriliseringar,
operasjonar i buk [keisarsnitt, pyometra/livmorbetennelse m.m.],
svulstkirurgi, augekirurgi.
Hest: kastreringar, hudkirurgi.)
Oppstalling av pasientar viss
medisinsk overvåkning er naudsynt
Foringsrådgiving
Tannbehandling (me trekker
òg ulvetenner og retente mjølketenner på hest)
Ultralyddiagnostikk
Kunstig inseminering av storfe
Klauvskjering
av storfe i hydraulisk klauvboks
Me har mange typar varer for sal til kjæledyr
Shampo/balsam
og øyrerenseveske
Tannbørste og -krem til
hund
DrBaddaky fiskeolje
Morsmjølkerstatning
Probiotika
Potesalve
Forhudsrens hund
Eukanuba og Iams fòr
Me er eit godt utstyrt veterinærkontor, og har moderne kliniske
hjelpemiddel.