Storfe
Litt informasjon om praksisen vår med storfe:
Drektigheitsdiagnostikk
Det
er viktig å få påvist drektigheit på eit tidleg
tidspunkt. Mange ventar vèl lenge med dette. Me
kan sjekke for drektigheit ned imot 5 veker på storfe.
Klauvskjæring 
Me har drive med og interessert oss for klauvskjæring heilt
sidan
me starta som veterinærar. Tidlegare har dette i houdsak avgrensa
seg til sjukebehandlingar og henvisningar av problemdyr frå andre
klauvskjærarar. Men på våre daglege praksisrundar har
me sett eit stort og udekka behov for klauvskjæring, og hausten
2009 auka me eigen kapasitet ved å kjøpe ny
hydraulisk
klauvboks.
Me tilbyr rutinemessig klauvskjæring av heile besetningar, med
stille og effektiv klauvboks og ved bruk av ledegang. Målet
vårt er at kyr og bonde skal oppleva klauvskjæring midre
stressande, mindre slitsamt og og meir forutsigbart enn tidlegare.
Vil vidare minna om ein del føremonar ved bruk av oss, som
veterinær, til klauvskjæring:
kan om naudsynt nytta beroligande
medisin
og lokalbedøvelse
har erfaring og kunnskap til å
gjere større inngrep og utskjeringar
på
klauver
robust, stillegåande og effektiv klauvboks
ledegang som gjer handtering av dyra tryggare og enklare
veterinærkompetanse til rådgiving/årsaksforklaringar
på bakgrunn av funna ein gjer
Det er Magne som vil ta seg av klauvskjæringa. Me tek
imot oppdrag frå Kvinesdal til Marnardal, og frå Lista til
Åseral. For å passe inn klauvskjæringa til tider som
passar best for det er det lurt å ringe oss tidleg for avtale.
Lenke til Norsk
klauvskjærerlag
Mineral- og vitamintilskot
Dyr
som får mindre enn 1 kg kraftfor bør få tilskot av
mineral og vitamin.
Slikt tilskot betrar både reproduksjon og jurhelse, og er
særleg
aktuelt for dyr på beite som skal kalve eller inseminerast innan
1-2 månadar etter innsett om hausten. Mange besetningar,
særleg dei med
konsentrert haustkalving, slit med lange og utydelege brunstar.
Det er då verdt å nemna at mineralmangel, i
tillegg til underforing med energi, er dei vanlegaste
årsakene til dette.
Me legg ned
vomkapslar som inneheld naudsynte vitamin og
mineral før beiteslepp.
Parasittbehandling av 1-års-beitande storfe
Den fyrste sommaren storfe går på beite
er ei stor påkjenning.
Sjølv om graset er grønt og
veret fint må alle storfe gjennomgå hardare parasittangrep
enn godt
er, og infeksjonane kan i verste fall verta dødelege. Den
reduserte tilveksten og mistrivselen dette fører med
seg, kan gjera at dyra kjem seiane i pubertet og brunst.
Om du slit med å få kalv i kvigene kan det difor vera ein
god idè å få oss til å legga ned ein spesiell
kapsel like før beiteslepp. Kapselen vert liggande i vomma, og
frigir tablettar utover sommaren. Desse drep rundormar i løpe
og tarm (og
eventuelle lungeormar, som er eit lite problem her i distriktet).
Resultatet vert
betra
tilvekst og mindre utsmitting av beite.
Det er etter kvart mange besetningar som ser nytten av denne
behandlinga.
Sal av artiklar til storfe
Me sel mellom anna diarsanyl plus, kritt og eikebark,
diakur
plus,
correct-serien,
nemucal,
mjølkesonde til foring av svake kalvar, mm.
Tine-web
For å få tilgang data frå din besetning på
Tine
Rådgivning og Medlem
må me ha godkjenning frå kvar einaste besetning. I mange
spørsmål vert ein svar skuldig utan tilgang til slike
data. Om de ynskjer at me skal ha tilgang til desse opplysningane kan
de sende ein e-post stadfesting.
Skjema mm
Attest ved omsetning av storfe (les mer om krav
til sal av livdyr
her)