Sau
E. coli-infeksjon
(slevelam, diare)
mars 10
Mange
besetningar hadde store problem med coli-infeksjon på lamma
sesongane 2008 og 2009. Ein har klart å stoppe mange tilfelle,
men
når ein får utbrot skal det godt gjerast å ikkje
miste lam.
Nokre tips for å minske sjansen for slike utbrot:
god hygiene (vaks jura til
søyene før lamma byrjar å syge, fjern mest
mogleg skit og fosterhinner frå ristene, hald ristene turrast
mogleg, bruk eit desinfiserande middel [
stalosan f kan med fordel nyttast medan dyra
går i bingane, dette får du kjøpt på FK])
unngå høge temperaturar og høg luftfukt i
fjøset
dypp/spray navlestrengen i fortynna jod rett etter fødsel
lamma skal ha tørt og isolerande liggeunderlag (små enkle
papp-plater det fyrste døgnet kan redda liv)
Hugs at lamma er
fødde frie
for bakteriar, og
E. coli
ligg og ventar.
Innvortes snyltarar
januar 12
Ein bør vera nøktern i å behandle mot
innvortes snyltatar. Sauebønder bør i størt mogleg
grad sende inn avføringsprøvar før behandling.
Dette for å unngå unødvendig bruk, og med det
auka fare for resistensutvikling.
Det er lurt å sende inn prøvar av minst 5 dyr . Då
vil reultatet vera meir representativt for flokken enn om ein sender
inn td. berre ein prøve.
Hugs at avføring er ferskvare og prøvar bør takast
direkte frå endetarmen (ca. 4-5 perler er nok), leggast i ein
tett behaldar som ein merkar med individnummer, sendast som brev eller
"over-natta"-pakke eller leggast i kjøleskap til sending om
uttaket skjer på fredagar, i helger eller på kveldstid.
Prøvane kan sendast til
Norges veterinærhøgskole
ProdMed. Seksjon for småfe – Sandnes
Kyrkjevegen 332/334
4525 Sandnes
Eventuell behandling av flokken kjem an på
kor stor konsentrasjon av rundorm-egg det er i avføringa
(EPG=egg pr. gram). Rundorminfeksjonen vert karakterisert som lett,
moderat og kraftig på bakgrunn av følgjande funn:
| art |
lett |
moderat |
kraftig |
| sau * |
<1000 EPG |
1000-2000 EPG |
>2000 EPG |
| storfe |
<500 EPG |
500-1000 EPG |
>1000 EPG |
| hest |
<500 EPG |
500-1500 EPG |
>1500 EPG |
*: for Haemoncus-infeksjon på sau vil tala vere høgare.
Nytt preparat mot flugemakk og flått
januar 11
Det er no mogleg å ta inn ein ny type fluge- og
flåttmiddel (Dysect pour-on) frå utlandet til bruk mot t.d.
flugemakk- og
flåttåtak. Skydd mot flugemakk vert omlag dobla (~8 veker)
i høve til Coopersect (~4 veker). Virketid mot flått
er 8-12 veker. Slaktefrist er 28 dagar. 5 liter kostar omlag
1700kr frå Apotek1 Farsund og applikator kostar ca 400kr (prisar
inkl mva). I 2010 tok det særs
lang tid å
få tak i preparatet, då Apotek1 Farsund ikkje greidd
å få tak i
applikatoren. Me fekk tilslutt tak i middel og applikator
frå eit
apotek på austlandet. Ein må nok rekna med leveringstid,
men me vil nok bestille frå austlandet i år og forventar
då noko sikrare levering. Uansett: om du ynskjer å
prøve ut dette er det lurt å kontakte oss seinast 1 mnd
før bruk. Dosering er høvesvis 25 og 40ml til sau under
og over 25kg.
Me har fått gode tilbakemeldingar av bønder som har
nytta dette preparatet i staden for Coopersect.
Kobolt-mangel
januar 11
Det er no igjen mogleg å få tak i koboltkuler til sau. Om
du ønskjer å bestille bør du gje oss beskjed raskt
slik at me kan ta inn slike i god tid før beiteslepp. Pris
på 100 stk slike kuler er ca 1000kr inkl mva.
Det
har vore mange spørsmål ikring koboltmangel blant
sauebønder i
distriktet. Me har teke ut nokre blodprøvar i mistenksame
høve, og me har i nær sagt alle høve påvist
koboltmangel
på lam. Om
det
er ynskjeleg kan me ta blodprøvar for status på dyra dine.
Det er og ein god ide å gjera forsøk i eiga
besetning med behandling og negativ kontroll (t.d. gje Co-pellet til
ein av tvillingane, for deretter å sjå tilveksten).
Typiske
symptom på
koboltmangel er renning unomalt dårleg tilvekst,
renning frå augene utan at dei er betente og skorper i huda
(særleg rundt auge og øyrer).
Koksidiose
januar 11
Tilbakemeldinga frå fjorårets behandlingsopplegg
(behandling med Baycox
ved
beiteslepp) har vore litt blanda. Dei aller fleste tykkjer resultatet
var tilfredsstillande, medan nokre få rapporterte om lam som
syntest å ha utvikla klinisk koksidiose. I 2011 kan de
på bakgrunn av dette sjølve vurdere om de vil
følgje ny ( behandling ved beiteslepp) eller
gammal (behandling av lamma på dag 7-10
etter beiteslepp) prosedyre. Ved bruk av Vecoxan bør lamma vere
minimum 3 veker ved behandling, so om ein vil nytte vecoxan,
og lamma er nokre dagar gamle ved beiteslepp, er det difor anbefalt
å
vente med behandling av
desse til dei er 3 veker. Alterativa er Vecoxan (skal ikkje brukast til
behandling ved beiteslepp, pakningar på 200ml og
1liter, billegast, ingen tilbakehaldingstid slakt) og Baycox (kan
nyttast ved beiteslepp, pakningar på 250ml, dyrare, 42 dagar
tilbakehaldingstid).
Obduksjon
januar 12
Dauar det fleire lam eller søyer av ukjent årsak? Ein
obduksjon for å finne årsaken bør då vurderast
seriøst. Me kan i mange tilfelle utføre obduksjonen. I
andre tilfelle kan hele eller delar av dyret sendast inn
for analyse.
Vaksinering
januar 11
Me kjem i år, som tidlegare, til å sende ut informasjon og
tidspunkt
i posten til kvart enkelt sauebonde. Dette vert gjort i februar/mars.
Då dei fleste bøndene er vekke på dagtid,
vaksinerinerar me mykje på kvelden og helger etter vanleg
praksiskøyring på dagen. Om det er mykje å gjere
på dagen, kan det difor verte forseinkinar i høve til
oppsatt tid.
Vaksineprodusenten anbefalar
vaksinering 2-6 veker før lemminga startar. Me vil oppfordra
alle til å
ha klar kjeledress og gummistøvlar. Me har bak to sjukdomar
(blåtunge og ondarta fotrote) som har understreka
kor viktig det er å unngå smitte mellom besetningar.
Mange opplever at store, fine lam dauar på sommar- eller
haustbeite. Om du har hatt slike tilfelle er det ofte naudsynt å
vaksinere til slike tider på året. Behovet
vekslar mellom beite og besetningar.