Nyhende - arkiv
2011
2011-desember
Smittsam diarre på storfe
Ver obs på faren for vinterdysenteri (smittsam diare) på
storfe i desse vintermånadar. Lenke til
Helsetjenesten for Storfe.
2011-oktober
Kattepest i Hægebostad
Me har hatt fleire tilfelle av kattepest i Hægebostad/Snartemo i
haust. Me minner om at det finst vaksine mot denne virussjukdommen.
2011-juni
Vel blåst!
Ein høgsesong ved Eiken veterinærkontor er forbi. Dei
fleste melder om ei roleg lemming, med lite problem. Dette er veldig
bra, og vitnar om at sauebøndene gjer mykje rett. Våren
har likevel vore travel. Magne vil spesielt takke for særs
aukande interesse for og
særs
mange hyggelege tilbakemeldingar på klauvskjæringa!
Det har vore ein fornøyelse å reise rundt i distriktet,
frå Lista i sør, Åseral i nord, Evje i aust og
Kvinesdal i vest.
2011-mars
Tid for klauvskjæring
Eg har no slipt utstyret, og er klar for høgsesong for
klauvskjæring. Det er lurt å ta kontakt
tidleg, slik at ein kan bestemme ei tid det passar best for deg.
Merk at eg nyttar stillegåande hydraulisk klauvboks,
drivgang og klauvfres. Dette er til det beste for dyr, klauver og
eigar.
Magne
2011-01-11
Gratis
veterinærforsikring
Du vil frå 01. januar 2011 få tilbod om gratis
forsikring i
3 månadar når du ID-merkar hunden eller katten din.
Les
meir
her.
2010-10
Fjøsskular
Margrethe er, i lag med 13 andre veterinærar i Noreg, med i
pilotprosjektet ”Fjøsskoler i
sauefjøset”. Les
meir
her.
Det er noko usikkert korleis dette vert gjennomført, og
Margrethe kjem med meir informasjon til sauebøndene etterkvart.
2010-09
Ny KSL-medisinstandard
Det har vorte utarbeidd ein ny KSL-medisinstandard. Mykje har
vore skrive og diskutert, heilt sidan opprettinga av KSL, om
korleis medsinbruk til matproduserande dyr skal gå føre
seg. Dei nye retnilingslinjene ryddar opp i ein del av dette. Lenke til
standarden er
her.
2010-08-01
Margrethe attende
Margrethe er no attende frå barselpermisjon. Denne hausten
kjem
me begge til å jobbe .
2010-08-01
Inseminering storfe
Det siste året har Roger Greibesland inseminert i
Audnedal
måndagar, onsdagar og torsdagar. Frå 01.08.2010 til
31.12.2010 kjem me til å inseminere alle dagar i Audnedal.
Etter
dette kjem gammal ordning til å gjelde: Eiken
veterinærkontor inseminerar med det alle dagar
unnteke
torsdagar i Audnedal kommune.
2010-06-15
Koboltkuler til lam
Det er i år igjen mogleg å få tak i
koboltkuler til
lam. Me har inne ein del, men ta kontakt raskt kontakt med oss om du
ynskjer slike. Det kan verta vanskeleg å få tak i
nye
forsyningar.
2010-06-15
Merk katten din før
du reiser på ferie
Me har i veke 23 og 24 kampanje for å fåfolk til
å
merka kattane sine. Les meir om merking av kattar (og hundar)
her
og frå Mattilsynet.
2010-06-04
Nytt fluge- og
flåttmiddel til sau
Me har no fått inn eit nytt middel mot fluge og
flått
på sau. Virketida er omlag det doble av det tidlegare nytta
Coopersect. Ta kontakt med oss om du ynskjer å
prøve dette
middelet.
2010-05-13
Flåttmiddel til hund
og katt
Det er lurt å behandle hunden og katten din med
flåttmiddel. Ved å gjere dette unngår du
at dyret
ditt vert bite, og at det dreg flåtten inn i hus og over
på
deg sjølv. Flåtten er no etablert i store delar av
Audnedal og Hægebostad. Det førekjem ofte
biverknadar ved
bruk av ikkje-godkjent flåttmiddel kjøpt t.d. i
zoo-butikkar. Me anbefalar difor at du held deg til apoteka sine
godkjente og utprøvte middel. Det finst dråpar,
som skal
dryppast i pelsen, til hund og katt, og halsband til hund. Resept
på desse midla får du ved å ringe
oss.
2010-04-14
Nytt telefonnummer
Det gamle telefonnummeret 38348201 vert no lagt ned. Nytt telefonnummer
til Eiken veterinærkontor vert 993 90 855. Her kjem du i
kontakt
med veterinær til alle tider.
2010-03-18
Nye reglar for
nødslakting
Det har komme nye reglar for nødslakt. Ordning med
eigenmelding,
som ved
t.d. beinbrot, fell vekk. No må alle dyr som skal
nødslaktast undersøkast av veterinær
før
avliving. Nytt er òg at ein berre skal kunne
nødslakte ved uføresette hendingar, og ikkje ved
sjukdom
som kan
behandlast. Til dømes kan ikkje lenger dyr med byrjande
mastitt
nødslaktast. Les meir i
informasjonsskriv
frå Mattilsynet.
2010-02-26
Vaksinering av
søyene før lemming
Me kjem i løpet av kommande veke til å sende ut
oppsett
for vaksinering i sauebesetningane i Audnedal og Hægebostad.
Me
kjem som før
til å sette opp dag og cirkatid for når de kan
vente oss i
fjøsa dykkar. Minner likevel om at rett tidspunkt for
vaksinering av sauene er 2-6 veker før flokken startar
lemming.
2010-01-01
Godt nyttår, alle
saman!!
2009
2009-12-28
Ny vaktdeltakar
Daniel Gotheim er ny deltakar i vaktsamarbeidet på
kveldar/netter/helger. Daniel bur i Lyngdal, og kjem til å
dele
vaktene med dyrlegen i Marnardal og oss.
Me glade for å ha Daniel med på
laget.
2009-12-02
Klauvboksen har komme
Klauvboksen har no komme. Me har
prøvekøyrt, og han
svarar absolutt til forventningane.
2009-11-11
Klauvboksen kjem før jul
Det har vore fortvilande at leveringa av
klauvboksen stadig
har vorte utsatt. Venta ankomst var opprinnelg i august, og eg hadde
planlagt å
starte klauvskjæringa då. I går fekk eg beskjed om at
boksen vert ferdig
produsert 26. november. Då tek det enno litt tid før de
ser denne rundt om i
fjøsa.
Beklagar til alle kyr og oksar som går/står og ventar!
2009-09-21
Klauvboksen er forsenka
Den danske leverandøren har det travelt for
tida. Me ventar no
levering av klauvboksen i slutten av oktober. Me beklagar ovanfor dei
som
ventar på klauvskjæring.
2009-09-07
Utvida tilbod om tannbehandling på hest
Har no vore på kurs med kanskje den fremste
tannpraktikaren
på hest i Noreg. Me er no i stand til å ta på oss
enno meir utfordrande
tannhelseproblem på hest. Årleg tannhelsearbeid er den
beste forsikringa mot
dei mest typiske hestesjukdommane (kolikk, forfangenheit, asymmetri,
åtferdsvanskar o.s.v.). Det er difor særs viktig med
årleg tannhelsekontroll.
2009-07-06
Nytt middel mot flått og flugemakk på sau
Me kan no ta inn eit nytt middel mot flått
og flugemakk på
sau. Middelet har 8-10 veker imot flugemakk og 8-12 veker mot
flått. Det
har med det lenger virketid enn t.d. Coopersect og Abbeydiaz 60.
Tilbakehaldingstid på slakt er 28 dagar.
2009-07-01
Middel om innvollsorm til hund og katt på resept
Frå 1. juli må dyreeigarar igjen ha
resept frå veterinær for
å kjøpe middel mot innvollsorm til hund og katt. Ring oss
i telefontida 8-10 om
du treng slikt middel.
2009-06-15
Beiteslepp og blåtunge
Ein del lurer på kva konsekvensar
blåtungepåvisinga har å
seie for beitesesongen. I skrivande stund gjeld følgjande:
* småfe frå sperresona kan sleppast på beite utanfor,
men bonden må søke
Mattilsynet.
* storfe frå sperresona kan ikkje sleppast på beite
utanfor.
Om ikkje uforutsette ting skjer, kjem dette til å gjelda heile
beitesesongen
2009.
2009-02-24
Klauvboks
Me har i dag bestilt ny klauvboks. Det er 6 månadars ventetid, men
me ser fram til
å tilby klauvskjæring frå hausten av. Me vil
då kunne ta på oss skjæring
av heile besetningar, og ikkje berre sjukebehandlingar.
2009-02-21
Blåtunge
Det er påvist blåtungesmitte (virus)
storfebesetningar i
vårt nærområde. Sørlege del av
Hægebostad og Audnedal ligg innanfor sperresona.
Me kjem til å ta prøvar for å kartlegge
smittesituasjonen både saue- og
storfebesetningar.
For oppdateringar i saka anbefalar me Mattilsynet
si heimeside, evt. å ringe dei på tlf 06040.
Det er visse restriksjonar på sal av livdyr. Mattilsynet er best
oppdatert på
dei siste lover og forskrifter
2009-02
Ondarta fotrote
Mattilsynet har freista å kartlegge
utbreiinga av bakterien Dichelobacter
nodosus, som må vera tilstades for å utvikle
sjukdomen. Animalia har laga
eit kart som viser omfanget so langt. Dette med meir informasjon finn
du her. Bakterien er ôg påvist i
vårt distrikt.
2009-01-09
Virusdiare og
-luftvegsinfeksjon
Årets
sannsynlegvis fyrste virusdiare og -luftvegsinfeksjon
er rapportert
frå vårt distrikt. Vanlegvis er dette lett
overførbar dropesmitte, so ver på
vakt.
2008
2008-06-20
Testane for BRUCELLOSE frå Lista er bekrefta negative.
Dyreeigarar kan
pusta letta ut !!!
2008-06-04
Brucellose
Mistanke om alvorleg og smittsam sjukdom på
Lista med
kontaktbesetning i vårt distrikt. BRUCELLOSE (B. ovis)
kan m.a.
gje abortar og sterilitet på m.a. småfe, men er òg
ein zoonose (kan smitte
mellom dyr og menneske). Ha smitteslusa og overtrekksklede i orden.
Dette er
ein sjukdom som ikkje har vore i norske besetningar på
55år! Lenke til Mattilsynet og Folkehelseinstituttet
2008-05-26
Smittsam
fotrote
er påvist i fleire besetningar.i Noreg.
Sjukdomen er ikkje
påvist i Noreg sidan 1948, og er ein alvorleg sjuksom på
sau. Besetningar der
dette vert påvist vert slakta ned. VER OBS og bruk besetninga
sine overtrekkstøy
om du er besøkande i eit fjøs. Lenker: frå Veterinærinstituttet
, påvist tre fylke i Noreg: Buskerud
, Rogaland
, Telemark
. Ein veit ikkje kor mange besetningar/område som har fått
inn smitten, difor
"betre føre-var, enn etter-snar".
2008-02-05
Møte
med Helsetjenesten for storfe, Feriesenteret
fyrstkommande
torsdag. Tema er klauvlidelsar generelt, og i
lausdriftfjøs
2008-02-05
Smittsam
hoste
med lungebetennelse har herja i nærast alle
storfebesetningar på Lista. Det er ikkje teke ut prøvar,
men det er truleg
snakk om BRSV. Besetningane opplever stort fall i mjølkemengd,
og i tilfelle
med bakterielle infeksjonar i etterkant må dyra behandlast med
antibiotika.
So alle storfebønder; hald smitteslusa i orden, og be alle (ogso
dyrebilsjåfør)
som går inn i fjøset om å nytta
overtrekkstøyet dykkar.
Fakta om BRSV:
lenke frå tidlegare utbrot i Møre og Romsdal
NRK
Møre og Romsdal
gammal, men lettfatteleg lenke fra Helsetjenesten
for storfe
2007
2007-12-09
Kattepest-
utbrot
på Lista. Vaksinèr
katten din. Då
stiller han sterkare når slike farangar kjem til vårt
distrikt.