Nyhende
2012-januar
Pliktig innrapportering av medisinbruk til hest og produksjonsdyr
Frå 01.01.2012 er det
krav
til at alle veterinærar som behandlar hest og produksjonsdyr med
medisin, skal rapportere dette inn til Mattilsynet. Dette er eit
omfattande arbeid for oss, der kvar milliliter og -gram skal
dokumenterast. Som ein del av dei nye rutinane me no har, vil me i
framtida ogso sende data til kukontrollen. For dyr Eiken
veterinærkontor har behandla treng bonden altso ikkje lenger
å rapportere inn desse behandlingane.
VIKTIG: på grunn av dette er det særs viktig at eigar kan
gjere greie for rett individnummer eller namn.
2012-januar
Nye reglar for reise med hund, katt og ilder
Reglane vert mindre omfattande enn før. Sjå
Hund
2012-desember
Smittsam diarre på storfe
Ver obs på faren for vinterdysenteri (smittsam diare) på
storfe i desse vintermånadar. Lenke til
Helsetjenesten for Storfe.
2012-oktober
Kattepest i Hægebostad
Me har hatt fleire tilfelle av kattepest i Hægebostad/Snartemo i
haust. Me minner om at det finst vaksine mot denne virussjukdommen.
2011-juni
Vel blåst!
Ein høgsesong ved Eiken veterinærkontor er forbi. Dei
fleste melder om ei roleg lemming, med lite problem. Dette er veldig
bra, og vitnar om at sauebøndene gjer mykje rett. Våren
har likevel vore travel. Magne vil spesielt takke for særs
aukande interesse for og
særs
mange hyggelege tilbakemeldingar på klauvskjæringa!
Det har vore ein fornøyelse å reise rundt i distriktet,
frå Lista i sør, Åseral i nord, Evje i aust og
Kvinesdal i vest.
2011-mars
Tid for klauvskjæring
Eg har no slipt utstyret, og er klar for høgsesong for
klauvskjæring. Det er lurt å ta kontakt
tidleg, slik at ein kan bestemme ei tid det passar best for deg.
Merk at eg nyttar stillegåande hydraulisk klauvboks,
drivgang og klauvfres. Dette er til det beste for dyr, klauver og
eigar.
Magne
2011-01-11
Gratis
veterinærforsikring
Du vil frå 01. januar 2011 få tilbod om gratis
forsikring i
3 månadar når du ID-merkar hunden eller katten din.
Les
meir
her.
2010-10
Fjøsskular
Margrethe er, i lag med 13 andre veterinærar i Noreg, med i
pilotprosjektet ”Fjøsskoler i
sauefjøset”. Les
meir
her.
Det er noko usikkert korleis dette vert gjennomført, og
Margrethe kjem med meir informasjon til sauebøndene etterkvart.
2010-09
Ny KSL-medisinstandard
Det har vorte utarbeidd ein ny KSL-medisinstandard. Mykje har
vore skrive og diskutert, heilt sidan opprettinga av KSL, om
korleis medsinbruk til matproduserande dyr skal gå føre
seg. Dei nye retnilingslinjene ryddar opp i ein del av dette. Lenke til
standarden er
her.
2010-08-01
Margrethe attende
Margrethe er no attende frå barselpermisjon. Denne hausten
kjem
me begge til å jobbe .
2010-08-01
Inseminering storfe
Det siste året har Roger Greibesland inseminert i
Audnedal
måndagar, onsdagar og torsdagar. Frå 01.08.2010 til
31.12.2010 kjem me til å inseminere alle dagar i Audnedal.
Etter
dette kjem gammal ordning til å gjelde: Eiken
veterinærkontor inseminerar med det alle dagar
unnteke
torsdagar i Audnedal kommune.
2010-06-15
Koboltkuler til lam
Det er i år igjen mogleg å få tak i
koboltkuler til
lam. Me har inne ein del, men ta kontakt raskt kontakt med oss om du
ynskjer slike. Det kan verta vanskeleg å få tak i
nye
forsyningar.
2010-06-15
Merk katten din før
du reiser på ferie
Me har i veke 23 og 24 kampanje for å fåfolk til
å
merka kattane sine. Les meir om merking av kattar (og hundar)
her
og frå Mattilsynet.
2010-06-04
Nytt fluge- og
flåttmiddel til sau
Me har no fått inn eit nytt middel mot fluge og
flått
på sau. Virketida er omlag det doble av det tidlegare nytta
Coopersect. Ta kontakt med oss om du ynskjer å
prøve dette
middelet.
2010-05-13
Flåttmiddel til hund
og katt
Det er lurt å behandle hunden og katten din med
flåttmiddel. Ved å gjere dette unngår du
at dyret
ditt vert bite, og at det dreg flåtten inn i hus og over
på
deg sjølv. Flåtten er no etablert i store delar av
Audnedal og Hægebostad. Det førekjem ofte
biverknadar ved
bruk av ikkje-godkjent flåttmiddel kjøpt t.d. i
zoo-butikkar. Me anbefalar difor at du held deg til apoteka sine
godkjente og utprøvte middel. Det finst dråpar,
som skal
dryppast i pelsen, til hund og katt, og halsband til hund. Resept
på desse midla får du ved å ringe
oss.
2010-04-14
Nytt telefonnummer
Det gamle telefonnummeret 38348201 vert no lagt ned. Nytt telefonnummer
til Eiken veterinærkontor vert 993 90 855. Her kjem du i
kontakt
med veterinær til alle tider.
2010-03-18
Nye reglar for
nødslakting
Det har komme nye reglar for nødslakt. Ordning med
eigenmelding,
som ved
t.d. beinbrot, fell vekk. No må alle dyr som skal
nødslaktast undersøkast av veterinær
før
avliving. Nytt er òg at ein berre skal kunne
nødslakte ved uføresette hendingar, og ikkje ved
sjukdom
som kan
behandlast. Til dømes kan ikkje lenger dyr med byrjande
mastitt
nødslaktast. Les meir i
informasjonsskriv
frå Mattilsynet.
2010-02-26
Vaksinering av
søyene før lemming
Me kjem i løpet av kommande veke til å sende ut
oppsett
for vaksinering i sauebesetningane i Audnedal og Hægebostad.
Me
kjem som før
til å sette opp dag og cirkatid for når de kan
vente oss i
fjøsa dykkar. Minner likevel om at rett tidspunkt for
vaksinering av sauene er 2-6 veker før flokken startar
lemming.
2010-01-01
Godt nyttår, alle
saman!!
2009-12-28
Ny vaktdeltakar
Daniel Gotheim er ny deltakar i vaktsamarbeidet på
kveldar/netter/helger. Daniel bur i Lyngdal, og kjem til å
dele
vaktene med dyrlegen i Marnardal og oss.
Me glade for å ha Daniel med på
laget.
2009-12-02
Klauvboksen har komme
Klauvboksen har no komme. Me har
prøvekøyrt, og han
svarar absolutt til forventningane.
Arkiv
Siste
i media