Katt

Nokre ord om det å ha katt:

Id-merking

Om du er redd for at katten din skal forsvinne, er det lurt å merka han. Me kan merke katten din med microchip. Dette er ein riskorn-stor transponder som vert injisert under huda på katten med ei slags spøyte. Chippen ber eit nummer som vert registrert eit nasjonalt register. Dette gjer det enkelt å finna eigaren til vekkomne dyr. Politi, dei fleste dyrlegar, redningsselskap har utstyr til å lese av microchipen/transponderen. Me kan i tillegg tatovere inn ID i øyra til katten om du ønskjer eit synleg teikn på at den er merka. 
Meir om id-merking frå Dyreidentitet


Kastrering

Kastrering gjer at hannkatten din vert rolegare, og at han rek og slost mindre enn før. Kastrering er óg anbefalt ved ein del sjukdomstilfelle. 

Ormekur

Det er viktig å behandla kattar mot innvollsorm. Gje katten din ein ormekur 1-2 gongar i året. Kattungar bør i alle fall behandlast oftare. Ormekur til hund og katt får du på resept frå oss.
I samband med at revens dvergbendelorm er påvist i Sverige er det midlertidig reseptfritak  for ormemiddel mot bendelorm (droncit). Les meir her.

Sterilisering

Sterilisering av hokatt er eit noko større inngrep enn kastrering av hannkatt, då ein må inn i buken for å fjerne livmor og eggstokkar. Hokattar bør steriliserast før fyrste løpetid. Me kan, om ynskjeleg, sterilisere frå 12 vekers alder. Dei fleste vel å vente til katten er eit halvt år. Om du vel å gje katten din p-piller i staden utset du den for stor risiko for blant anna ondarta jurkreft og livmorinfeksjon.

Vaksinering

Mange gløymer å vaksinere katten sin. Luftvegs- og augeinfeksjonar p.g.a. virus er frykta og særs vanlege sjukdomar kattar. Kattepest gir i tillegg mange kattedødsfall kvart år. Vaksinering er i mange tilfelle ei billig livsforsikring for katten din.


dyrlegane i Audnedal og Hægebostad