Hund
Nokre ting du bør hugse viss du har hund:
Foring
Me
forventar mykje av hundane våre. Mange vil at dei skal ha blank
pels,
andre at dei skal ha stabil mage (ikkje "luftutslepp") eller ikkje
måtte gå på do for ofte. Uansett krav til hunden
ynskjer alle å leva
eit langt og godt liv med hunden sin. Inndelinga i karbohydrat,
feitt og protein er ikkje eintydig, men denne grove inndelinga gjer at
billigfor ofte liknar kvalitetsfor. Det som gjer eit for betre enn eit
anna er kva råvarer foret er laga av. Kvalitetsfor har faste
råvareleveransar som sikrar ein god høg kvalitet på
foret.
Me forhandlar Eukanuba og Iams. Iams har komme best ut i
ein stor dansk test.
Vår
kontakt med billigfor er som regel gjennom dyr med hudproblem. Etter
å
bytta for vert mange av desse betre. Difor er det viktig for oss
å
kunne tilby kundane våre kvalitetsfor.
Id-merking
Om du er redd for at hunden din skal forsvinne, er
det lurt å merka han. Me kan merke hunden din med
microchip. Dette er ein riskorn-stor transponder som vert injisert
under huda med ei slags spøyte. Chippen ber eit nummer som
vert registrert eit nasjonalt register.
Dette gjer det enkelt å finna eigaren til vekkomne dyr. Politi,
dei
fleste dyrlegar, redningsselskap har utstyr til å lese av
microchipen/transponderen. Me kan i tillegg tatovere inn
ID
i øyra på hunden om du ønskjer eit synleg teikn
på at den er merka.
Meir om id-merking frå
Dyreidentitet
Operasjonar
Me føretek mindre og større blautvevsoperasjonar på
hundar, som t.d. kastreringar, keisarsnitt, steriliseringar,
blodøyre, svulstfjerning og operasjonar i tarm og augelok m.m.
Ormekur
Det er generelt ikkje anbefalt å behandle
førebyggande mot
innvollsorm. Unntak finst, bl.a. av kvelpar (behandlingsanbefalingar
varierar, men behandling i veke 3, 6, 9 og 12, ved eit halvt års
alder og diande
tisper (4 veker etter kvelping) skal i dei fleste tilfelle vera
nok. Me får ofte rapportert at kvelpane har mykje spolorm i
avføringa ved 3 vekes alder. For minske risikoen kan det vera
lurt å behandle tispa i siste trimester, alternativt kvelpane ved
1 vekes alder. Kontakt
oss om du treng ormekur til hunden din. Me kontaktar då apoteket,
som igjen sender dette til ditt medisinutsal. Ormekur til hund og
katt
vart reseptpliktig frå juni 2009.
Reise til utlandet
Ein kan ikkje utan vidare ta hund og katt med på ferie til
utlandet. Merk at det er spesielle
krav ved import av hund til Svalbard.
Mattilsynet har utarbeidd eit skjema for reise til Noreg
her
.
Nokre kommentarar: "+21 dager" betyr at vaksineringa må ha
skjedd for meir enn 21 dagar før tilbakereise til Noreg.
Hund frå Sverige må behandlast mot
dverbendelorm i løpet av dei siste 48 timane før
innreise til Noreg, og i tillegg fylle
eigenerklæring.
Ormekurbehandling frå andre land skal gjerast i løpet av
dei siste 10 dagar før heimreise til Noreg, og i løpet av
dei 7 fyrste dagane i Noreg. Det er viktig å få attestert
desse ormekurane av veterinær.
Lenker:
Tollvesenet
,
Mattilsynet
Tenner
Tannstein
Mange hundar har mykje tannstein. Denne bryt på sikt ned vevet
som bitt tennene fast i
kjevebeina. Tannstein gir ôg dårleg ande. Hundar som er
plaga med tannstein bør difor få rensa
tennene regelmessig.
Trekking av tenner
Knekte og lause tenner er til stor plage for dyret. Slike tenner
må som regel
trekkast.
Vaksinering
Kvalpesykje, hundeparvo, smittsam leverbetennelse, kennelhoste
Dette er sjukdomar som skuldast virus som finst der hundar finst,
ôg i vårt distrikt. Me anbefalar å
vaksinere alle hundar ein gong i året.
Rabies
Sjukdomen finst ikkje i Noreg, men ved reise til andre land,
med unntak linka til under "Reise til utlandet" , er det krav om
at hunden er vaksinert mot rabies.
Merk at det ved første gongs vaksinering tek omlag 5
månadar
frå fyrste
vaksine er satt
til du kan ta hunden ut av landet. Deretter må hunden vaksinerast
ein gong i året.
Faktaark frå Veterinærinstituttet.
Leptospiose
Me anbefalar at du vaksinerar hunden din mot leptospiose om den skal
vere med på tur til utlandet, og særleg om reisa
går til Aust-Europa, Middelhavet, tropane eller enno lenger vekk.
Faktaark frå Veterinærinstituttet