Hest

Viktig og mindre viktig informasjon til hesteeigarar:

Drektigheitsundersøkelse

Me har ultralydapparat til å påvisa drektigheit på eit tidleg tidspunkt.

Innvollsorm

Me får ein del spørsmål anbefalt opplegg for behnadling mot innvollsorm. Me har satt opp nokretankar nedanfor, men lista treng ikkje vera optimal for alle hestar og stallar.  Før de behandlar med medikament anbefalar me at de tek ein prat med oss, og i dei fleste tilfelle vil ein analyse av avføringa til hesten seie mykje om behandling er naudsynt.  Unødvendig behandling bør unngåast.

Føl:

Ingen behandling før tidlegast ved 5-6 vekes alder, om det ikkje er diare ved følbrunst.

I fyrste beitesesong med 6 eller 8 vekes intervall (høvesvis ved bruk av Banminth/Panacur eller Ivomec)

Behandling ved slutt på beitesesong (Banminth eller Panacur).

Behandling desember/januar mot brems (Ivomec)

 

Behandling av unghestar, hopper med føl og eldre hestar:

Like før beiteslepp (Banminth eller Panacur)

I beitesesong (kontakt oss for vurdering)

Ved slutt på beitesesong (Banminth eller Panacur)

I desember/januar mot brems (Ivomec)

Drektige hopper når dei kjem heim etter bedekning og 4-6 veker før følling (Banminth eller Panacur)


Karenstidsliste

Oppdtert Forbuds- og karenstidsliste finn du her.


Kastrering 

Me kastrerar hest ståande. Dette er eit rutineinngrep som vert gjort heime på stallen. Hesten får sentraltvirkande roande, avslappande og smertestillande middel, i tillegg til lokalbedøving. Det er lurt å kastrere hesten på tider det er lite fluger og andre insekt. 

Kjøpsattest

Om du skal kjøpe hest, er det viktig å få vite klarlagt om hesten er etter forventningane. Me vil anbefale deg å få oss til å undersøke helsa til hesten. Me nyttar føljande kjøpsattest.

Pass og helsekort

Alle hestar skal i dag ha pass og helsekort. Me utfører naudsynt id-merking og prøvetaking i samband med dette.

Tenner og munnhole

Hesten sine tenner og munnhole bør sjekkast av veterinær når den er omlag 1 år (ein bør ikkje ha bitt i munnen før tennene er sjekka). Dette for å kunne oppdaga feil tannslitasje på eit tidleg tidspunkt. I tillegg kan me då ofte oppdage og trekke ulvetenner. Tenner på hest veks og slit raskast når hestane er unge. Det er difor mykje lettare å retta tannfeil på unge enn på eldre hestar.
Vidare er det viktig at hesten vert undersøkt jamnleg. Enkelte kan det vera nok å sjekke årleg eller kanskje enno skjeldare, medan hestar med særlege problem bør sjekkast og behandlast oftare.
Tann- og munnholeproblem er opphav til mykje vondt, og er kanskje den mest forsømte delen av veterinærmedisin på hest. Det kan difor ikkje understrekast tydleg nok kor viktig det er at dette vert utført skikkeleg.

Vaksinering

I vårt distrikt vaksineriar ein oftast mot influensa og stivkrampe. Alle hestar bør vaksineriast. Føl kan vaksinerast frå dei er 3-4 månadar, men det er vanleg å vente til 5 månadars alder. Følet skal ha andre dose etter 4-6 veker. Deretter er det årleg revaksinering livet ut. 
Lenke frå Norsk hestesenter.

Ved eventuelle utbrot av hesteinfluensa er det aktuelt å vaksinere oftare. Drektige hopper kan vaksinerast siste månaden før følling for at råmjølka skal innehalde mest mogleg antistoff, men vaksinering ein gong årleg er som oftast tilstrekkeleg.

Skjema mm

DNTs Forbuds- og karenstidsliste 2009


dyrlegane i Audnedal og Hægebostad