Fòr
Me forhandlar fòr frå Eukanuba og Iams til
høvesvis hund og katt.
Kjempetilbod på Eukanuba working & endurance
For å marka at jakta no står for døra får du no
to sekkar Eukanuba working &
endurance for prisen av
ein (vår
pris 670,- kr). Tilbodet gjeld ein gong per kunde og til lageret er
tomt.
Litt om fòring av hund og katt
Eukanuba er eit godt og kjent merke for dei fleste hundeeigarar, og
treng vel difor ingen vidare presentasjon.
Iams kattemat har vunne fleire testar både i
Noreg
og i
utlandet.
Det er fortsatt veldig mange katteeigarar som fòrar kattane sine
med vanleg butikkfòr, kjøpt i daglegvarehandel.
Her er nokre gode grunnar for å kjøpe godt fòr til
pus:
- Katten er rein kjøtetar,
og krev difor animalske protein. Sokalla billigfòr, basert
på soya
og andre planteprotein, stettar ikkje dette behovet. Dei
tydelegaste konsekvensane av å fòre katten på vanleg
butikkfòr er urinvegs- (FLUTD) og pelsproblem (flokete og
glanslaus pels).
- Iams kattemat fyl anbefalt
innhald av m.a. taurin, magnesium og karbohydrat.
- Kjøper du store sekkar
vil du ha fòr til to gjennomsnittskattar (4kg) i nesten 1/2
år. Me sel kattemat
i pakkar på 300g, 1.5, 3, 10 og 15kg.
Fordelar med å handle frå oss
Gratis prøvepakningar
Rabattprogram: kvar 7. fòrsekk gratis
for medlemmar av Norsk Kennel Klub, NKK. (kvar 11. fôrsekk gratis for andre)
Fast lågare
pris: prisane ligg oppimot 5%
lågare enn vegleiane pris
Gratis
levering i Audnedal og Hægebostad kommunar
40% rabatt på fôr til oppdrettarar
Med desse goda freistar me å demme opp for tidlegare
handelslekkasje til Lyngdal, Mandal og Kristiansand.